Startside Symra

Symra er ein leikarring eller folkedanslag. Laget held til i Bygdelagshuset, Nordahl Brunsgt 22 i Oslo.
Symra er eit lokallag i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og i Noregs Ungdomslag.

Laget arbeider med alle typer norsk folkedans:
Gamaldans, turdans, songdans, bygdedans og stildans/balldansar.

Dei faste øvingane i leikarringen er kvar onsdag kl 19.30 – 22.00 i Storsalen.
Nokre gonger kallar vi øvingane «kaffikveld» – då er det ekstra mange kaker og ofte program i tillegg til dansen.
Laget held regelmessig kurs for nye folkedansarar i ulike typer dans.
Øvingane i stildans er på fredagar og nokre søndagar.
Stundom arrangerer laget også andre aktivitetar som fjelltur, tur til utlandet, teaterkveldar, leikfestar etc.

Du finn meir om dei ulike aktivitetane ved å trykke på menyknappane oppe til høgre.
«Terminliste» og «Kalender» gir god oversikt.

Nedanfor finn du òg meir informasjon om laget:

Symra si gamle heimeside.
Symra si gruppe på Facebook.
Kursannonser på «Kursagenten».

Oversikt over alt som skjer innan folkedans og folkemusikk i Noreg og Norden finn du her.

(NB: Når du har trykt på ei lekkje eller eit bilete, må du bruke «tilbakepila» i nettlesaren for å kome tilbake til symra.org.)