Fjellturen i 2017 gjekk til Savalen med overnatting på den fine hotellet der, eit hotell med framifrå mat, flott badeanlegg, greie rom og hyggjeleg atmosfære. Til saman var vi knapt 30 deltakarar. Eystein hadde som vanleg lagt alt til rette for ei fin helg i høgfjellet. For mange vart Savalen eit nytt og fint bekjentskap. På fredag var det fjelltur i godt turver, laurdag fjelltur/båttur i tåke og litt småregn og søndag føremiddag omvising og lunsj ved Folldal gruver. Dei aller fleste kom fredagskvelden til middag. Den kvelden dansa vi i dansesalen til husorkesteret. Dei andre to kveldane hadde vi folkedans for oss sjølve på loftet, der det var god plass til å danse på eit godt dansegolv – både songdans og turdansar. Ein kveld fekk vi synge bursdagssangen for Inger V. Har lagt til nokre av bileta eg tok på turen. Biletet over viser utsikta frå spisesalen på hotellet, sørover sjøen Savalen. Vebjørn.