Det var ein hyggjeleg og informativ kaffikveld i Symra 18. oktober då Marianne Tomasgård informerte om musikk og dans i Akershus, om den stillinga ho nettopp har fått i Akershus fylkeskommune som fagkonsulent i folkemusikk og folkedans. Vi fekk høyre om aarbeidet hennar tidlegare med å revitalisere springaren i Akershus, om Bygda dansar i Akershus og om SAFFA og kursa der. Ho spela eit par slåttar og ikkje minst fekk vi sjå den rekonstruerte springaren som hovudsakleg er basert på opptak Egil Bakka gjorde i Ski på 1980-talet. Ho spela springaren både i jamn takt og i tredelt takt med kort 3’ar, og det vart same dansen. Etterpå var det som vanleg mykje god mat og dans både til eit stort toraderorkester, og Solvor og Terje til turdansen, under Kristen si leiing og litt songdans leia av Anne Grete.