Her er nokre bilete frå fjellturen Symra hadde i Dolemittane, Val Gardena, 9 – 16 september 2012. Eystein Grimstad var reiseleiar og hadde lagt opp ein svært fin tur. Det var i alt 33 deltakarar. Veret var heilt fint, det regna/snøa litt på onsdag, men då var vi på tur i byen Bolzano. Vi budde på eit lite familiehotell – svært hyggjeleg vertskap – ein kilometer vest for St. Christina. Hotellet heitte Christeinerhof. Vi åt frukost og middag på hotellet, og dansa litt etter middagen.Hallvar Opheim spela og litt CD-musikk. Vi kom dit på søndag etter fly til München og buss via Brennerpasset til Val Gardena. Vi reiste tilbake til Oslo på same måten.