Fredag 23. oktober, på FN-dagen, hadde Symra framsyning på Lambertseter eldreheim. Det var stor fest der denne dagen, og fleire andre frå fjerne land bidrog til underhaldninga. På grunn av trong plass var laut vi danse to gonger, men det var berre eit kvarter kvar gong. Framsyninga vart godt motteken av publikum, og dei gamle song med både på Mellom bakkar og berg og Blåveispiken. Einar Westrheim spela og Vebjørn Bakken var danseleiar.
Vi var berre 4 par, og det var nok til den tronge plassen. Men elles fortel framsyningsnemnda at det er vanskeleg å få folk til å stille opp på framsyningar. Men vi har det moro, og vi øver gjennom programmet før vi opptrer. Så berre bli med neste gong Inger V. spør !
Symra, Erik Haugros:
tlf 91523192
Org. nr.: 994 416 782
Symra adresse: Nordahl Brunsgt. 22, 0165 Oslo
E-post, leiar Erik: erik.haugros@gmail.com
Symra øvingar:
onsdagar kl 19.30-22.o0