Det var kring 80 som møtte fram på kulturkvelden/kaffikvelden i Symra 19. oktober 2016. Kvelden starta med at Erik H. orienterte litt om det som skal skje i Symra framover og så spela toradergruppa Nordmarksgaloppen. Så var det trubaduren Jørn Simen Øverli som fortalde og song viser til eigen gitar, viser med tilknytning til Nordmarka. Nokre av visene var velkjende frå før, men sume var heilt ukjende for alle. Han hadde også med bøker og CD, og fekk god avsetnad. Han las også litt frå boka. Etterpå var det kaffi og mykje gode kaker i kafeen. Den siste timen var det dans. Først spela ei forsterka toradergruppe med Hallvar i spissen fin gamaldansmusikk – musikk det var godt å danse til! Resten av kvelden leia Dag dansen, og Solvor spela til – turdans og songdans. Erik S. sytte for at teknikken verka fint. På bakrommet kunne vi kjøpe nokre av Bjørn sine fint rosemåla ting. Ein fin kveld! (Klikk på bileta så blir dei store!)

heile-salen-okt-2016 overli-med-gitar toradergruppa