Sumaravslutning med Eli Storebekken juni 2017

 

Det var 80 som fekk oppleve ein fin kaffikveld/sumaravslutning i Symra 14. juni 2017. Kulturinnslaget var ved Eli Storebekken som fortalde, song og spela CD-klipp frå livet sitt som artist, ikkje minst saman med far sin Egil Storebekken. Ein fin time! Etterpå var det mat/drikke i kafeen, og som vanleg masse gode kaker. Etterpå var det dans. Først gamaldans/pols til Symradern og deretter turdans/songdans med vårt faste spelefolk. Vebjørn leia leiken, og det var mange på golvet. Vi hadde venta ein flokk på 20 amerikanske folkedansarar med Lee Oterholt i spissen, men dei rakk ikkje fram.