Symra – øvingar

Vanlege øvingar
Symra har vanlege øvingar kvar onsdag i Storsalen Nordahl Brunsgt 22 kl 19.30 – 22.00. Då dansar vi ulike typer folkedans, mest turdans og songdans, men også bygdedans (t.d. rørospols og springar) og gamaldans. Det er levande musikk, normalt både fele og trekkspel. Ein instruktør fortel korleis dansane skal utførast, dersom vi er i tvil om det.
Alle dansane som Symra bruker er omtala (rettleiing) på den gamle heimesida. Der er også omtale av dei dansane som er utvikla i Symra (det kvite heftet). Dei finn du òg som video på Youtube.
Ringen set kvart år opp eit «Kjerneprogram» med dei dansane det skal leggast ekstra vekt på, men mange andre dansar vil også bli brukt gjennom året.

Kaffikveldar
2-3 gonger for halvåret er det kaffikveld istaden for vanleg øving. Då startar kvelden med kaffi/te og kaker og gjerne med programinnslag. Seinare på kvelden er det variert dans.

Litt info om norsk folkedans
Her finn du info om ulike typer norsk folkedans.

NB: Trykk på menyknappen «Terminliste» eller «Kalender» for å få oversikt over alle aktuelle øvingar framover.

Liste over Kaffikokarar står i bladet «Symra» som kjem ut eit par gonger for halvåret.