Igjen hadde vi ein fin kaffikveld eller kulturkveld som avslutning på vårhalvåret i Symra, 8. juni 2016. Og mange fann vegen til Storsalen. Vi starta kl 19.00 med to kulturinnslag. Først kom Hans-Hinrich Thedens frå Nasjonalbiblioteket og viste ein dansefilm frå ca 1970, med dans og musikk frå Ottadalen. Vi fekk sjå springleik frå Vågå, Lom og Sjåk. Det var lett å sjå både likskap og skilnader, og kor mykje raskare dei spela/dansa då enn i dag. Etterpå fekk vi ein flott konsert med musikk frå Ottadalen. Det var ingen ringare enn Aslak O. Brimi frå Lom – ein av våre alle beste unge folkemusikarar – som hadde teke turen. Trass i sin unge alder har han vunne landskappleiken fleire gonger og gjeve ut fleire CD-ar. Berre i haust er han aktuell med to,  komposisjonar til dikt av sambygdingen Tor Jonson og CD’en Atterljom med komposisjonar etter Sjugurd Garmo saman med Sulheim og Odde. Aslak spela eit variert utval slåttar frå Ottadalen, både etter bestefaren Hans W. Brimi, Garmo og fleire – springleikar, valsar, lyarslåttar og ein fin bruremarsj til avslutning. Og han fortalde til på ein informativ og underhaldande måte. Det er sjelden ein høyrer så fint spel som det vi fekk oppleve denne junikvelden. Etterpå var det kaffi og masse kaker i kaféen. Den siste timen var det dans og leik. Nina leia dansen, og vår faste spele-duo sytte for fint danselæte. Eg eg sikker på at alle kunne dra heim med ei fin oppleving rikare.