Tradisjonell julefest i Symra 2. desember 2017, med god julemat og masse kaker til kaffien. Vi byrja kl 18 og slutta ved midnatt. Framifrå musikk, festleiing, danseleiing og godt humør på dei til saman 60 deltakarane. Eit fint lokale på Engebråten skole der vi no har halde til fast i mange år. I tillegg til nokre bilete frå festen, har vi også lagt ved ein liten videosnutt frå ein av dansane. Over ser vi bilde av den flinke julefestnemnda.