Onsdag 5. april var det utvida kaffikveld i Symra – Sven Nyhus kom på besøk. Det vart ein spennande kveld. Han fortalde frå sitt lange liv som spelemann (han er 85 år) og hadde mange artige episodar å fortelje om, til dømes då han var i Laget for Folkemusikk for første gong i Nordahl Brunsgt 22 i 1951, og få av hardingspelemennene hadde interesse av å høyre på. Ikkje minst fortalde han om spelemenn og spel frå Røros, om samvær med Johan Falkberget og mykje anna, mellom anna om då han byrja som gjetar 8 år gamal, om sitt arbeid i NRK, arbeidet med Hardingfeleverket  og om spel i ulike orkester i Oslo – Filarmonien, Operaorkesteret og Kringkastingsorkesteret. Han spela og mange slåttar, sjølvsagt mest pols, og hadde historier knytta til dei alle, til dømes Stor-Hurven, Litj-Hurven og sin eigen Mellom-Hurven. Han spela også ein variant av Bach i polsdrakt, ein komposisjon han hadde laga til ein konsert i Stockholm. Han avslutta som vi kunne vente med den kjende valsen «Bergrosa», som har blitt Sven sitt varemerke. Sven hadde med seg både ei ny bok, og CD’ar og mange kjøpte. Etterpå var det kaffi/te og mange kaker i kaéen, før det vart dans i Storsalen. Våre eigne folk med Solvor i spissen sytte for utmerka dansemusikk, og ei stund var også Sven Nyhus med i orkesteret. Ei fin oppleving både for oss som dansa, og sikkert også for dei som spela. Ei økt med songdans vart det også, leia av Vebjørn, og etterpå leia Erik turdansen. Ein fin kveld – og ca 80 hadde funne vegen.