Det var nesten fullt hus (ca 90) som møtte fram i Symra 4. januar 2017 på kaffikvelden. Dagne Groven Myhren fortalde om Draumkvedet og song deler av balladen og spela av opptak med musikk ettter faren Eyvind Groven. Det vart ei interessant stund. Dagne sette visjonsdiktet inn i ei større ramme og fortalde om andre visjonsdikt frå mellomalderen. Etterpå var det kaffi/te og masse kaker i kafeen. Den siste timen var det dans. Først spela eit stort toraderorkester under leiing av Hallvar fin gamaldansmusikk. Deretter var det songdans og til slutt turdans ved Solvor og Terje. Inger Frøydis leia dansen.