Det var som venta mykje folk (over 80) som møtte opp på første kaffikvelden i Symra 6. januar 2016, for då var det multimusikaren Steinar Ofsdal som var det store trekkplasteret. Og han skuffa ikkje. Han hadde med seg ei bråte ulike instrument, frå hardingfele og munnharpe, via eit utal ulike fløyter til rare instrument frå Kina og Indonesia. Og han fortalde både om seg sjølv, om instrumenta og musikken, og ga mange eksempel på fint spel, både norsk og utanlandsk, irsk og kinesisk ikkje minst. Det var ei spennande reise gjennom eit flott musikalsk landskap. Etterpå var det kaffi og kaker i kafeen, og dermed vart det ikkje meir enn 3 kvarter igjen til å danse. Først spela eit stort orkester av toradarar runddans – kurset i Symra – under leiing av Hallvar. Så vart det turdans som Solvor og Terje spela til , under leiing av Live og Oddvar, og heilt til slutt nokre få songdansar. Ein fin start på eit nytt danseår!