Haustturen 2015 gjekk ikkje til fjells, men derimot til vestkysten av Sverige, med overnatting i Strømstad og turar til Kosterøyane. Veret var det aller beste, hotellet i Strømstad var fint med god mat og turane i den fine naturen i skjergarden ved Koster var topp. Joda, Eystein og Oddny hadde laga til ein fin hausttur også i 2015, for dei 39 deltakarane totalt. Dei fleste var frå Symra pluss nokre til. Storparten drog nedover til Strømstad på torsdag og returnerte til Oslo på søndag. Søndag formiddag hadde vi omvising i Strømstad og etterpå drog vi innom dei store helleristingane sør for Strømstad.