Helga 8-10 oktober 2015 hadde Symra eit vellukka seminar med leikfest på Klækken hotell. Seminaret starta med lunsj på fredag. Laurdagskvelden var det leikfest. Det var vel 40 som deltok frå fredag og det var drygt 70 på leikfesten laurdag. På seminaret var det foredrag av Vebjørn Bakken, Marianne Dahl og Audun Grüner-Hegge. Vebjørn snakka om framvoksteren av folkedansrørsla, Audun om rekruttering til folkedansen og Marianne om kva vi meiner med folkedans. På seminaret elles var det instruksjon i turdansar ved Inger Frøydis og Vebjørn Bakken og tango ved Live Callin og Oddvar Kværnhaug. Inger Frøydis og Vebjørn leia leiken på leikfesten og musikken var ved Solvor, Benjamin og Terje. Nokre av bileta har Tone Eid teke.