Den 6. og 7. juni 2016 hadde laget to dagar på rad framsyning for eldre i eit telt på Bogstad gård. Veret var strålande begge dagane. Det var Byråden i Oslo for eldre og Seniorsaka som stod bak. Vi var 6 par. Første dagen spela Per Klev (trekkspel) og andre dagen tok benjamin seg fri frå jobben og spela for oss. Fin innsats på kort varsel av begge to! Einar hadde skada handa i ei bilulukke. Vebjørn var danseleiar. Etter dei halvtimes framsyningane fekk vi kaffi og vaflar begge dagane. Vi trur både vertskapet og publikum var godt nøgde med innsatsen vår!