Det var mange som møtte fram på kaffikvelden i Symra etter påske då Evald Fredholm underheldt med viser og spel på gitar og trekkspel. Og folk vart ikkje skuffa – det vart ei svært fin visestund, med vekt på Prøyse-viser. Edder matøkta i kafeen var det dans. Først til den store flokken av toraderspelarar som hadde gått på kurs og fekk vise at dei kunne godt dansespel under leiing av Hallvar. Erik leia dansen etterpå, då våre faste spelefolk sytte for gode dansemusikk. Ein fin start på den andre halvdelen av vårhalvåret – med vår i sikte.